NRK Meny
Normal

Tatt med promille i ei 90-sone - køyrde med ei fart på 139 km/t

Utrykkingspolitiet fekk merke pinsetrafikken på fartsmålarane. I alt mista fem sjåførar førarkortet etter å ha blitt tatt i kontroll.

Bil
Foto: Scanpix / SCANPIX

Det blei i alt beslaglagt fem førarkort på pinseaftan, melder Troms politidistrikt. Utrykkingspolitiet hadde kontroll i går kveld, og møtte da på fleire trafikantar som køyrde godt over det som er tillate.

Det mest alvorlege lovbrotet skjedde på E8 ved Seljelvnes i Balsfjord. Der blei ein bilførar målt til ei gjennomsnittfart på 139,14 km/t i ei 90-sone. Føraren hadde i tillegg 1,79 i promille.

Ved Fagernes blei ei kvinne i 30-åra målt av UP med ei fart på 89,17 i ei 60-sone.

Ein mann i 30-åra blei også stoppa i ei 60-sone i Ramfjord, da han køyrde med ei fart på 89,45 km/t.

Ein annan sjåfør, ein mann i 20-åra, blei stoppa ein dryg halvtime etterpå, også i Ramfjord, med ei fart på 130,61 km/t i ei 80-sone.

Den siste sjåføren blei stoppa rett før midnatt, på E8 i Tromsøsvingen. Mannen i 20-åra blei målt av UP til å ha ei fart på 117,11 km/t i ei 80-sone.

UP-sjef for Nord-Norge, Geir Marthinsen, sa nyleg at denne tida på året skil seg frå vinterhalvåret, og at dei ser ei auke i førarkortbeslag når det går mot sommar.

Marthinsen

UP-sjef for Nord-Norge, Geir Marthinsen, seier dei har fleire førarkortbeslag i sommarhalvåret samanlikna med vinterhalvåret.

Foto: Petter Strøm / NRK

– Vi er inne i den mest spennande tida på året trafikkmessig. Fartsnivået går opp i takt med at vegane blir berre, asfalten kjem fram og folk får fram sommardekka, sa UP-sjef Marthinsen til NRK pinseaftan.