NRK Meny
Normal

Stortinget vurderer å opne opp for å skyte totalfreda kongeørn

Stortinget skal neste veke diskutere forslaget om å skyte kongeørn i Troms.

Kongeørn

Kongeørna er i dag totalfreda.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Eit fleirtal av medlemmene i energi- og miljøkomiteen leverte tysdag eit forslag til Stortinget om ei endring i forvaltninga av kongeørna.

I forslaget heiter det at ein vil be regjeringa om å igangsette eit forsøksordning, som gjeld for Fosenhalvøya og i delar av Troms, kor målet er å ta ut kongeørn for å førebyggje tap av sau og rein i områda. Politikarar frå Frp, Høgre, KrF og Senterpartiet står bak forslaget.

Kongeørna er i dag totalfreda, og prøveprosjektet vil ha som hensikt å bidra til færre tap av beitedyr til kongeørn i område med særskilt skadeomfang.

Saka skal opp i Stortinget 6. juni.

Rovviltnemnda: Håpar på fleirtal

John Karlsen, Roviltnemnda i Troms og Finnmark

Leiar for rovviltnemnda i Troms og Finnmark, John Karlsen.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

Leiar for rovviltnemnda i Troms og Finnmark, John Karlsen, har fleire gongar tidlegare vore klar på at dei ønsker å setje i verk førebyggande tiltak i område der kongeørn er eit problem. Spesielt gjeld dette i indre Troms og på Lyngenhalvøya.

– Slik eg ser det, er det eit fleirtal for forslaget i Stortinget, og dette er ei sak vi har jobba mykje med, spesielt med å gjere politikarar kjent med kor store skadar kongeørna gjer på rein her i nord.

Kongeørna er totalfreda, men om dette går igjennom så må vel den fredinga opphevast?

– Vi ønsker at kongeørna skal vere totalfreda, men vi vil finne ut om det blir mindre skadar på lam og rein, om vi tar ørna ut før den gjer skade. Etter at skaden har skjedd, er det nesten umogleg å ta ut ørna som har gjort skaden, seier Karlsen, som understrekar at det er ei sak rovviltnemnda i Troms og Finnmark har jobba med i lang tid for å få opp til politisk behandling i Stortinget.

Karlsen sa til NRK i mai at tal frå rovbasen viser at ørna tok fleire beitedyr enn jerven og gaupa til saman i 2015. Karlsen ønska samtidig at rovviltnemnda skal bli gitt større makt i Norge til å gjennomføre førebyggande uttak av kongeørn.

Kongeørnekspert Alv Ottar Folkestad i Norsk Ornitologisk Forening er på sin side sterkt ueinig i det, og har uttalt til NRK at det er viktig at det er fagfolk som tar seg av rovviltforvaltninga, og ikkje politisk valde organ.