Leiinga i kommunen hadde i går eit beredskapsmøte for å finne planlegge korleis kommunen kan hjelpe dersom dei syriske flyktningane kryssar grensa til Norge ved Kilpisjärvi i Finland. Det var Framtid i Nord som først omtala saka.
– Det er klar at vi må planlegge og vere klare viss det kjem nokre den vegen, seier fungerande ordførar i Storfjord, Inger Heiskel, til NRK.
Kommunen skal no vere klar til å ta imot 40 flyktningar.
– Vi veit jo ikkje om det kjem nokon i det heile tatt, men vi ser for oss eit scenario der vi skal huse 40 flyktningar over tre døgn, seier Heiskel.
Kommunen skal få beskjed frå politiet og UDI i førevegen dersom det er flyktningar som kjem over grensa ved Kilpisjärvi.
– Alle har vore positive
Heiskel fortel at det har vore stor vilje i lokalsamfunnet til å stille seg til disposisjon dersom dei syriske flyktningane kjem til grensekommunen Storfjord.
Eigarane av Lyngskroa har sagt ja til å huse flyktningar, i tillegg til at kommunen er i dialog med Brennfjell eigedom for å kunne huse flyktningar i den gamle militærleiren.
– Vi har også vore i kontakt med to matbutikkar i Storfjord, som har sagt at dei vil opne kva tid som helst dersom det trengst, seier Heiskel.
Når det gjeld helsehjelp, er dette noko kommuneoverlegen og helsetenesta har eigne planar for. I tillegg har kommunen dialog med tolketenesta og Sivilforsvaret som har ein eigen beredskapsplan.
– Korleis har det gått å få folk til å stille på så kort tid?
– Det har gått veldig greitt. Vi er ein liten og oversiktleg kommune, og alle har vore positive til å hjelpe, seier Heiskel.