NRK Meny

Store Norske lyser ut stillingar

Gruveselskapet Store Norske på Svalbard må no rekruttere nye gruvearbeidarar, skriv Svalbardposten. Det siste året har mellom 10 og 15 gruvearbeidarar med røykdykkarkompetanse sagt opp jobbane sine hos Store Norske. No blir det lyst ut stillingar. Gruvesjef Per Nilsen seier det er behov for fire til seks røykdykkarar, men ser ikkje bort frå at det kan bli fleire. Sidan 2014 har Store norske sagt opp kring 250 tilsette på Svalbard.