Hopp til innhold

Fiskekjøpar: – Folk seier det er bra at nokon endeleg tør å stå fram

Hans Ivar Pedersen stod fram på TV og sa at fiskarar blir behandla urettferdig. Tilbakemeldingane etterpå har berre vore positive.

Hans Ivar Pedersen

Hans Ivar Pedersen om juks i fiskenæringa.

Tysdag fortalde NRK Brennpunkt om omfattande jukset i fiskerinæringa i dokumentaren «Torskefusket».

Ein av dei som stod fram i programmet var dagleg leiar Hans Ivar Pedersen ved Oldervik Fiskeindustri i Tromsø.

Dagen etter TV-dokumentaren har han berre fått positiv respons.

– Tommel opp!

– Det tok ikkje lang tid før eg fekk reaksjonar frå folk som såg programmet, seier fiskekjøparen. – Og det har berre vore positive tilbakemeldingar så langt.

– Folk seier «tommel opp» og det er bra at nokon endeleg tør å stå fram.

I Brennpunkt fortalde Pedersen at han trur fiskekjøparar er med på å prata ned prisen, ved å klaga på kvalitet, at fisken er for dyr og at ein ikkje tenar pengar.

– Og det vert snakka om at fiskarar får reduksjon på fisk, som kanskje er god likevel.

– Eg vert rasande, ikkje berre på eigne vegne, men også for fiskarane. Dei jobbar og slit i vêr og vind, og så blir dei ikkje behandla rettferdig.

– Det går an å drive ærleg

Oldervik Fiskeindustri i Tromsø driv med overskot. Fiskarane står i kø for å levera hit, trass i at mottaket ligg langt frå fiskefelta.

– Ein får betre pris og blir tatt godt i mot her, seier fiskar Jan-Ivar Hansen om kvifor han vel å gå til Oldervik i Brennpunkt-programmet.

For Hans Ivar Pedersen var det viktig å stå fram, for å visa at ein kan driva på ærleg vis – og samtidig tena pengar.

– Eg ville stå fram for å sei ifrå om korleis me i næringa har det, seier han dagen derpå.

– Dessutan håpar eg at dei som ser programmet, ser at det går an å driva ærleg og heiderleg, og likevel lukkast. Det går faktisk an.

SJÅ HEILE BRENNPUNKT-PROGRAMMET HER:

Vi følger to tenåringer på tidenes torskefiske, en næring i store bølgedaler: Noen tjener penger, andre sier fiskefusk ødelegger næringens rykte og økonomi. Og noen tør ikke snakke, av frykt for å bli svartelistet.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark