Hopp til innhold

Stor mangel på døgnkvileplassar: – Det er absolutt ein trafikkfare

I Noreg er langtransportsjåførar pålagt kviletid, men mangel på døgnkvileplassar gjer dette vanskeleg. Statens vegvesen innrømmer at dei ikkje klarar å bygge ut desse plassane fort nok.

Langtransportsjåførene Tomas Klein fra Estland og Olav Bjørgum fra Norge

Det er for få døgnkvileplassar i Noreg. Langtransportsjåførarane Toomas Klein (t.v.) og Olav Bjørgum seier at for lite søvn går utover trafikktryggleiken.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

I Noreg er det totalt 45 døgnkvileplassar langs riksvegane.

Mangel på døgnkvileplassar for langtransportsjåførane kan gå utover tryggleiken og skape farlege situasjonar på vegane.

Sjå nedst i saka for oversikt over døgnkvileplassar i Noreg.

Hans Petersen er sekretær i Truckers International Association, og han er fortvila over at det ikkje er fleire døgnkvileplassar.

– Vi krev at det skal bli lagt til rette for at vi skal kunne gjere jobben vår på ein sikker og trygg måte, seier han.

Hans Pettersen

Hans Pettersen i Truckers International Association krev at det blir lagt til rette for at sjåførar skal gjere jobben på ein trygg måte.

Foto: NRK Nordland

I handboka for døgnkvilestopp har Statens vegvesen skrive at det skal vere 2,5 timar mellom kvart slik stopp.

Slik er det ikkje i dag, ifølge Petersen.

– I dag er det for store avstandar mellom kvar enkelt døgnkvileplass. I nord for eksempel, er det er umogeleg å køyre frå Storslett i Nordreisa til Tana bru på 2,5 time, seier Petersen.

Fleire krav å oppfylle

– Vi ynskjer toalett, dusjar og ein plass der ein kan lage mat, vaske opp og slappe av, seier Petersen.

I tillegg til dette vil han ha ein snørampe på kvar døgnkvileplass for å koste snø og is av vogntoga.

– Vi har forbod mot å køyre dersom det er snø og is på lastebiltaket, men vi har heller ikkje lov til å klatre opp på taket for å fjerne det. Derfor er ein rampe nødvendig for tryggleiken til både våre og andre køyretøy, seier han.

Døgnhvileplass

Døgnkvileplassar for tungtransporten er etablert for å kunne ta vare på lovpålagde krav til køyre- og kviletid.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

Absolutt ein trafikkfare

Olav Bjørgum har køyrt tungtransport i 28 år og trur fleire tungtransportsjåførar har vore i meir eller mindre farlege situasjonar på grunn av at dei ikkje har fått nok kvile.

– Det er pålagt køyre- og kviletider. Får vi ikkje nok søvn så er det absolutt ein trafikkfare, seier han.

Trailersjåfør Olav Bjørgum

Olav Bjørgum synest det er bra at det skal kome fleire stader der sjåførar kan kvile.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

Han har også brukt rasteplassar for å få søvn, men seier at det ofte er fullt om sommaren på grunn av turistar og bubilar.

– På vinterstid er det dårleg føre og då skjer det seg med kvile- og køyretida nokre gonger.

Trailersjåfør Toomas Klein frå Estland køyrer mykje i Noreg og synest det er gode nyheiter at det kjem fleire døgnkvileplassar.

– Det er veldig bra. Kviletid er viktig for tryggleiken på vegen, seier han.

Innrømmer lite framdrift

Det er planlagt 24 døgnkvileplassar i Nordland, Troms og Finnmark. Så langt er det etablert åtte.

Knut Hågensen som er sjefingeniør i Statens vegvesen region nord forstår kritikken som kjem.

– Vi har ikkje hatt den framdrifta vi ynskjer på bygging av døgnkvileplassar. I løpet av 2021 håper vi å ha fire nye plassar i drift. Dei kjem i Mo i Rana, Tromsø, Alta og Narvik, seier Hågensen.

Han fortel det er to hovudgrunnar til at framdrifta er som den er.

Knut Hågensen

Knut Hågensen, frå Statens vegvesen region nord forklarar at det er to grunnar til at framdrifta ikkje er der dei ynskjer.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

– Det å finne eigna areal. Vi vil gjerne ha dei i nærleiken av tettstader og då konkurrerer vi med andre utbyggingsføremål. Samtidig skal dei ikkje belaste bumiljøet med forureining og støy.

I tillegg er økonomi ein viktig faktor til forseinkinga.

– Vi har ikkje kunne sett av så mykje pengar som vi ynskjer på døgnkvileplassane fordi det er andre store byggingsprosjekt i regionen, seier han.

Oversikt over døgnkvileplassar i Noreg: