NRK Meny

Stengt grunna snøras

Fylkesveg 848 mellom Seglsteinberget og Kråkrø – på strekninga Harstad – Løksebotn – er stengt grunna snøras. Det blir gjort ei ny vurdering i dag klokka 09.00. Også fylkesveg 83 mellom Langvassbukta og Flesnes er stengt grunna snøras. Her blir det gjort ei ny vurdering klokka 10.00. Ein kan køyre om via reserveferjeleiet Forøysetra, melder vegvesenet.