NRK Meny
Normal

Steinras sperrar fylkesveg på Senja

Det har gått eit steinras på Senja, og fylkesveg 243 er no stengt.

Laster kart, vennligst vent...

Fylkesveg 243 i Røyrnesbukta, på strekninga Flakstadvåg - Sifjordbotn er stengt.

Det har gått eit steinras ved Røyrnestet. Det melder Statens vegvesen.

– Raset har gått over vegen, og området steinane har rast frå er om lag 3–400 meter oppe i lia. Geologar vil undersøke staden, men vegen blir ikkje opna før tidlegast fredag, seier Thorsteinsen.

Kva veit de om storleiken på raset?

– Vi kan ikkje seie akkurat kor stort det er, men det stenger heile vegen og det har tatt rekkverket. I tillegg er ein del av vegbanen er knust.

Kva vil geologane gjere når dei kjem?

– Dei vil sjå på om det er fare for nye ras. No regnar det framleis, og ein kan ikkje gå inn i området før vêret har stabilisert seg.

Vegvesenet er no i dialog med kommunen om moglegheiter for å setje opp båtar, og kommunen har lokal beredskap. Fylkesvegen er einaste veg inn mot Flakstadvåg, ifølgje Thorsteinsen.

Ny vurdering vil skje fredag klokka 12, melder Statens Vegvesen.