Stein vil ha løysing på asylbarnsak

Byråd i Tromsø og varamedlem i Venstres sentralstyre, Jonas Stein, vil ha ei løysing på asylbarnsaka. Stein seier til Nordlys at Venstres krav om ny behandling gjeld 28 asylbarn. Fleire fylkesleiarar i partiet har varsla at støtta til regjeringa er i fare om dei fire samarbeidspartia ikkje har kome til ei løysing i asylbarnsaka før fredag. Da startar Venstres landsmøte i Tromsø.