Hopp til innhold

Statnett framskyndar utbygging av ny kraftlinje

Utbygginga av den nye kraftleidningen mellom Balsfjord i Troms og Skaidi i Finnmark skal skje raskare enn planlagt, melder Statnett.

420kV kraftlinjer

Statnett vil no framskynde arbeidet med å bygge kraftleidning mellom Balsfjord og Skaidi.

Foto: Statnett

Planen var at den nye kraftleidningen skulle vere i drift i 2021. No har utbyggaren, Statnett, endra framdriftsplanen for utbygginga av leidningen, noko som fører til at leidningen vil stå ferdig to år tidlegare enn planlagt.

Med samtidig oppstart på tre strekningar i utbygginga, vil det vere drift frå 2019 dersom Statnett får dei nødvendige tilgangane frå byggestart i 2016.

Konserndirektør Elisabeth Vardheim i Statnett seier det er fleire årsaker til at arbeidet no skal gå raskare. Omprioriteringar av ressursar og ein betre leverandørmarknad er blant årsakene.

I tillegg har planen vore ute på høyring, og der har selskapet fått tilbakemeldingar om at framdriftsplanen for leidning fram til Skaidi er viktig for mange.

Vardheim opplyser at selskapet har mottatt mange tilbakemeldingar med ønske om raskare framdrift til Skaidi, noko som har spelt inn i avgjerda.

Statnett opplyser at den endra tidsplanen vil medføre at utbygging og utviding av stasjonsområdet på Skaidi, blir fremskynda med to år.

– Det er ein svært god nyheit Statnett presenterer i dag om kraftleidninga frå Balsfjord frå Skaidi vil bli raskare ferdigstilt, seier olje- og energiminister Tord Lien, og held fram:

– Denne kraftleidninga er svært viktig for å sikre forsyningstryggleiken i vår nordlegaste landsdel. Det at Statnett no endrar sin framdriftsplan viser at arbeidet med leidningen er høgt prioritert. Samtidig fører det til ein meir effektiv prosjektgjennomføring. Som svært mange som bur i Nord-Norge er eg svært opptatt av å få denne leidningen på plass så raskt som mogleg.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark