NRK Meny

Stakkevollvegen skal bli betre

Stakkevollvegen i Tromsø skal oppgraderast og bli Tromsø si nye urbane bygate, kor det skal leggjast til rette for miljøvennleg byvekst. Eit løft for heile byen, meiner byråd for byutvikling, Ragni Løkholm Ramberg. Dette inneber mellom anna at vegen blir utvida med kollektivfelt i begge retningar, i tillegg til at fortau og sykkelveg skal vere åtskilt frå køyrevegen.