Speler opp til klassisk orkesterkonsert på tomgods

Harstad har fått eit nytt orkester, spranget ut av kulturskolen i byen. Instrumenta dei speler på, finn du mest sannsynlegvis heime i kjøleskapet ditt.

Flaskeorkester i Harstad

I kveld skal denne gjengen spele opp til konsert - på flasker

Foto: Nils Mehren / NRK

Ei grøn bruskasse blir sendt rundt i lokalet på Galleri Nord-Norge i Harstad. Barn og ungdom i alle aldrar står i ring og tar i mot glasflaskene som står i kassa. Det er ikkje brus i flaskene, men vatn – men det er ikkje for å sløkke tørsten.

Flaskene er nemleg instrumenta i eit heilt nytt orkester, Harstad Flaskeorkester, som i kveld speler konsert.

Er det komplisert å spele?

– Nei, ikkje eigentleg, det er berre å vite kva tid du skal spele. Det er jo berre éi note!, seier ein av musikantane.

Ti år gammal solist

Men det er ein av musikarane som har ei meir komplisert oppgåve når konserten startar i kveld. Ti år gamle Øyvind Skjønhaug skal nemleg vere klarinettsolist!

Øyvind Skjønhaug

Øyvind Skjønhaug er ti år og skal vere klarinettsolist på kulturskulen i Harstad sin 'flaskeorkesterkonsert'.

Foto: Nils Mehren / NRK

– Det er litt vanskeleg, for songen går veldig fort!, seier ein spent tiåring når NRK besøker generalprøven.

Mange av dei unge musikarane står nok med sommarfuglar i magen, men stemninga er god og latteren sitt laust når dei unge prøver å spele på dei litt uvanlege instrumenta.

«Bare rør», kallar dei konserten, der dei gamle mesterkomponistane, som Beetoven, Grieg og Debussy får gjennomgå.