NRK Meny
Normal

Sp vil ha milliardauking av forsvarsbudsjettet

Landsmøtet i Senterpartiet ønsker ei auking av forsvarsbudsjettet og tilrettelegging for fleire jenter i Forsvaret.

Kvinnelige soldater
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Dagens forsvarsbudsjett er på nesten 44 milliardar. Den aukinga Nato legg opp til sine Nato-land, vil for Noreg sin del bety ei auke på 15 til 16 milliardar i budsjett, seier Irene Lange Nordahl, leiar i Troms Senterparti.

Irene Lange Nordahl

Senterpartiet vil ha ei auke i forsvarsbudsjettet, seier fylkesleiar i Troms, Irene Lange Nordahl.

Foto: Arild Moe / NRK

Store summar og ei auke i støtta til Forsvaret er høgst nødvendig, meiner Senterparti-politikaren.

– Det kan sjølvsagt ikkje gjerast på eitt år, men over ein lengre periode, seier Lange Nordahl og legg til:

– Det er veldig viktig at vi allereie no gir signal om vilje til ei slik opptrapping opp mot den militærfaglege utgreiinga som forsvarssjefen skal levere i haust.

Høgre og Senterpartiet einige

Stortingsrepresentant Regina Alexandrova frå Høgre er glad for støtta frå Senterpartiet.

– Det er ingenting som er betre enn at alle partia er einige om at vi må styrke forsvarsbudsjettet, meiner Alexandrova.

alexandrova

Ingenting er betre enn at vi er einige om aukinga, seier Høgres Regina Alexandrova.

Foto: lars egil mogård / nrk

Senterpartiet meiner også at det må setjast av øyremerka midler til betre tilrettelegging av fleire jenter i Forsvaret, slik at fleire jenter skal kunne avtene verneplikten.

– No har Stortinget vedtatt kjønnsnøytral verneplikt, og når jentene sitt store inntog i Forsvaret kjem, da er det viktig at vi klarar å leggje til rette for jentene.

– Skal vidareføre det vi har

Dette er ikkje Alexandrova einig i.

– Det er ikkje slik at vi ikkje har jenter i Forsvaret i dag, så det er jo ikkje noko nytt vi skal starte med. Vi skal vidareføre det vi har i dag, byrjar Høgre-politikaren.

– Sånn som det er tilrettelagt fleire plassar i Forsvaret i dag, så kjem dette til å fungere veldig bra. Og når ein snakkar om øyremerka midler, for å oppgradere? Nei, eg trur ikkje vi treng det.