NRK Meny

Snøras tok straummast

Eit stort snøras frå Tromsdalstinden har øydelagd ei nesten 20 meter høg straummast, det skriv Nordlys.no. Raset gjekk i eit område som er lite brukt av turgåarar seier energimontør Jarle Nilsen i Troms Kraft til avisa, men det er likevel sett opp skilt for å åtvare. Straummasta er knekt, og linja må reparerast. Turgåarar blir oppfordra til å halde seg vekke frå området.