Hopp til innhold

Snarrådige naboar hindra storbrann i Harstad

Brann i brakkerigg i Harstad vart stoppa i tide.

Brann i brakkebygg i Harstad

Ein brakkerigg i Harstadbotn sto i brann onsdag morgon.

Foto: Martin Mortensen / NRK

Midtre Hålogaland politidistrikt la ut melding om brann i ein brakkerigg like etter klokka 08 onsdag morgon.

Laster Twitter-innhold

Det viste seg fort at brannen var avgrensa til inngangspartiet på riggen, og at det ikkje var folk i riggen da brannen brøyt ut. Brannmannskap rykka ut til brakkeriggen i Harstadbotn, men tilsette i nabobygninga til brakkeriggen, oppdaga flammar da dei kom på jobb.

Dei fekk dermed hindra at brannen ikkje fekk utvikle seg. Dei rykka raskt til før brannmannskap rakk å kome fram.

Brannsjef i Harstad, Ove Frantzen

Brannsjef i Harstad, Ove Frantzen, seier brannen kunne ha utvikla seg til noko mykje verre om ikkje sløkkearbeidet hadde starta så raskt som det gjorde.

Foto: Martin Mortensen / NRK

Det fortel brannsjef Ove Frantzen til NRK onsdag formiddag.

– Brannen blei oppdaga ganske tidleg, og folk frå eit firma like ved her starta sløkkearbeidet med pulverapparat. Det berga heile situasjonen, seier Frantzen.

– Kva ville konsekvensane ha vore om brannen fekk spreie seg?

– Da hadde vi nok sett ein totalbrann, med fare for at store delar av riggen hadde blitt øydelagt.