Hopp til innhold

Yngvild takkar skulen for livet sitt

Ho var einsam, hadde ingen vener og sleit med språket. Men så endra ein skuleplass heile livet for Yngvild Elvira Huus Rønning.

Yngvild Elvira Huus Rønning.

Yngvild Elvira Huus Rønning takkar Rå videregående skole for det livet ho har i dag.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK

Når eg er på skulen, går eg stort sett berre rundt i gangane, sa Yngvild Elvira Huus Rønning, då 17 år, til NRK i 2005.

Då gjekk ho på den lokale skulen i Andøy kommune.

Den no 25 år gamle kvinna er evig takksam for at ho fekk bytte skule til Rå vidaregåande skule.

Kjempa for Yngvild

Mor Ingeborg Huus måtte kjempa ein innbiten kamp for at dottera skulle få gå på Rå, i nabokommunen Kvæfjord.

Rå videregående er ein skule med spesialopplæring og tilrettelagt, verna butilbod for elevar som treng det.

Yngvild vart nekta skuleplass, fordi Kvæfjord ligg i nabofylket Troms, og Andøy kommune ikkje ville betala dei ekstra kostnadane for tilsyn etter skuletid.

Men til slutt fekk 17-åringen draumen oppfylt. Kommunen snudde i saka, og Yngvild kunne endeleg byrja på skulen.

Det skulle endra livet hennar for alltid.

For Yngvild Elvira Huus Rønning har det betydd mye å få gå på Rå videregående skole.

For Yngvild Elvira Huus Rønning har det betydd mykje å få gå på Rå videregående skole.

Fekk endeleg vener

– Det var godt å få byrja på Rå, eg lærte så mykje, seier Yngvild, i dag.

– Før var eg nesten stum, men så lærte eg å snakka ut, då eg kom til Rå. Eg lærte også å arbeida. Og på Rå fekk eg mange vener.

Etter åra på Rå fekk Yngvild sjølvtillit. No står ho støtt på eigne bein.

Stortrivest i sitt nye heim

Bu- og arbeidsfellesskapen Rotvoll Camphill ligg idyllisk til ved Trondheimsfjorden. Her bur og arbeidar vaksne som treng spesiell omsorg. Det er den nye heimen til Yngvild.

– Eg jobbar i bakeriet, og på vevstova, seier Yngvild. – Også bur eg i lag med fleire unge på min eigen alder. Me har det kjekt så kjekt i lag!

Yngvild er usikker på om ho hadde vore der ho er i dag, om ho ikkje hadde fått gått på Rå i Kvæfjord.

– Dei kan ikkje leggja ned skulen

Men Yngvild uroar seg. For skulen som endra livet hennar, er trua av nedlegging.

På datamaskina til Yngvild har ho samla lenker frå NRK og avisene i nord. Der står det om skulekutta som er føreslåtte i Troms fylke. Eit av forslaga er å leggja ned den vidaregåande skulen allereie frå august neste år.

Det gjer vondt for den tidlegare eleven.

– Det er så trist, seier Yngvild, og stemma brest.

– For sånne som meg, me treng ein plass som Rå. Dersom eg kunne snakka direkte politikarane, ville eg berre sagt ein ting: Ikkje legg ned skulen.