Hopp til innhold

Skuffa Flovik etter nok eit tap: – Skulle hatt ein betre kamp i dag

Tromsø idrettslag må framleis kjempe mot nedrykk i dei to siste kampane etter 0-1-tap mot Sarpsborg.

Bård Flovik

TIL-trenar Bård Flovik var skuffa etter 0-1-tapet mot Sarpsborg 08.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det blei for mange dødballar og vi er for urytmiske. Eg er ikkje nøgd med andreomgangen i dag, seier TIL-trenar Bård Flovik etter bortekampen mot Sarpsborg 08 som enda med tap.

Flovik hadde ønska seg ein betre kamp i dag, og meiner det blei for mykje trøbbel i kampen.

– Kva skjer med laget no?

– Vi har fått juling over lang tid, og når vi får trøbbel, så blir vi litt defensive og så er vi ikkje trygge nok, seier Flovik.

TIL har to kampar igjen i tippeligaen, ein bortekamp og ein på heimebane på Alfheim. Flovik meiner laget må halde fram og ikkje gje seg, sjølv om kampen om å behalde plassen blir tøff.

– No slost med to andre lag som også har to kampar igjen. Vi har eitt poeng meir enn det eine laget og to poeng meir enn det andre laget, så slik sett er vi i førarsetet.

– Skulle du inderleg hatt poeng her?

– Ja, seier trenaren som er tydeleg skuffa etter kampen.

– Jamt i botn

Kaptein Simen Wangberg trur kampen mot nedrykk blir tøff.

– Eg forventa at det blei ein tøff kamp, og eg hadde håpa på poeng. Det fekk vi ikkje, og da er vi på same plass som før vi starta kampen.

Simen Wangberg

Kaptein Simen Wangberg er ikkje nøgd med at dagens kamp blei poenglaus.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

TIL-kapteinen meiner dei no må jobbe i botn av tabellen:

– Det beste laget vil til slutt berge plassen, og det må bli oss.

Ein av kampane som ventar til slutt, er den nordnorske kampen mot erkerivalane Bodø/Glimt.

– Vi skal trø skikkeleg til mot Bodø/Glimt. Eg er veldig sugen på å slå dei, avsluttar Wangberg etter kampen.