Skredfare i nord

Snøskredfaren i Troms ligg framleis på faregrad 3, betydeleg. Det er generelt ustabile forhold, melder varslingstenesta varsom.no. Nokre middels store eller store naturleg utløyste skred kan forventast. Det er sendt ut obs-varsel for Troms. Det er venta lokalt store nedbørsmengder, spesielt i sørlege deler av fylket. Nedbøren vil kome som snø over 100 – 300 moh., og kombinert med sterk kuling kan det føre til vanskelege køyreforhold, spesielt på fjellovergangane.