NRK Meny
Normal

Sikta for overgrep mot 11 barn

Mannen som er sikta for overgrep mot barn i ein barnehage kor han var tilsett, er ifølge politiet sikta for overgrep mot 11 barn.

Politihuset

Overgrepssaka blir no etterforska av politiet i Tromsø, og den sikta er framleis i politiet sin varetekt.

Foto: Tom Søbstad / NRK

Mannen i 30-åra blei pågrepet 6. mai, og har vore varetekstfengsla sidan da.

Politiet fekk ei melding om mogleg overgrep mot eit barn i ein barnehage i Tromsø. Mannen blei så pågrepet da han var på jobb i barnehagen.

Han er sikta for 6 tilfelle etter straffelova §195, bokstav c. Det vil seie at handlinga er gjort mot barn under 10 år og det har skjedd gjentatte overgrep. Strafferamma er derfor inntil 21 års fengsel.

Mannen er også sikta for 5 tilfelle etter straffelova § 201, bokstav c, for seksuell krenkande åtferd mot barn.

Overgrepa skal ha skjedd mot både jenter og gutar.

Politiet i Tromsø får no bistand frå Kripos.

Den overgrepssikta mannen i 30-åra har tidlegare erkjent straffskyld for seksuelle overgrep og krenkande åtferd mot barn, men det er førebels ikkje kjent korleis mannen stiller seg til den utvida siktinga.

Svært alvorleg

– Dette er ei svært alvorleg sak, som vi har sett store ressursar på å få etterforska så raskt som mogleg, seier etterforskingsleiar hos Troms politidistrikt, politioverbetjent Yngve Myrvoll til NRK.

Yngve Myrvoll

Politioverbetjent ved Troms politidistrikt, Yngve Myrvoll.

Foto: Erling Bjørklund / NRK

Mannen har vore tilsett i barnehagen i åtte år.

Kva slags tidsrom er det som blir etterforska?

– Vi ønsker ikkje å seie noko om det, men han har vore tilsett i barnehagen i 8 år og det er den potensielle tidsramma det er snakk om.

Kan det vere snakk om fleire overgrep?

– Vi kan ikkje sjå bort frå det, det får den vidare etterforskinga avdekke.

Politiet har sidan etterforska saka med stor styrke, og har gjennomført mange vitne, dommaravhøyr og gjentatte avhøyr av den sikta. Det blir også gjort datatekniske undersøkingar av beslag i saka.

Politiet skal i formiddag halde ein pressekonferanse om saka.