Senterpartiet er størst i nord: – Har saker som folk bryr seg om

For første gang er Senterpartiet det største partiet i Nord-Noreg, ifølge ein fersk meiningsmåling. Partiet får eit snitt på 23,9 prosent medan Arbeiderpartiet ligg på 22,5 prosent.

Trygve Slagsvold Vedum ler mens han serverer kaker

Trygve Slagsvold Vedum er leiar for Senterpartiet som i dag er det største partiet i nord, ifølgje ein meiningsmåling.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Ei måling utført av InFact for avisa Nordlys viser at Senterpartiet tek over som det største partiet i Nord-Noreg. Målinga er gjennomført for heile Nord-Noreg, kor det skal vere to fylkestingsval til hausten.

I juni var Senterpartiet størst i Troms og Finnmark, medan det nå også er størst i Nordland.

Arbeiderpartiet har tradisjonelt vore størst i nord, men må nå sjå seg slått av Senterpartiet.

Sandra Borch er stortingsrepresentant i Senterpartiet og ho har trua på at partiet skal halde seg som det største partiet i nord - også fram til valet.

Sandra Borch

Stortingsrepresentant Sandra Borch trur at folk i nord er lei av å bli oversett.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

– Eg trur det handlar om at folk i nord er lei av å bli oversett i kvart politiske spørsmål, seier Borch.

Ho understrekar at Nord-Noreg er stort geografisk.

– Eg trur ein føler sentraliseringa og avstandane på kroppen i mykje større grad enn det ein gjer i resten av landet og derfor er Senterpartiet det største partiet i nord, seier Borch.

Imot samanslåing

Brutt ned på fylkesnivå er Senterpartiets oppslutning størst i Nordland med 27,6 prosent, mot 18,5 prosent i Troms og 24,2 prosent i Finnmark, skriv Nordlys.

Ordførarkandidat for Senterpartiet i Tromsø, Marlene Bråthen er svært fornøgd med målinga og meiner Senterpartiet har lukkast fordi dei lyttar til folket.

– Vi er sterkt imot samanslåinga om Troms og Finnmark. Det vitnar om at regjeringa som sitt i Oslo ikkje veit avstandane som er frå Kirkenes til Harstad for eksempel.

Ho skryt også av partileiar for Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum.

– Han har reist ut til ein liten plass på Senja kor ein ser dei fatale konsekvensane av å ikkje ha ein ambulanse, seier Bråthen.

Marlene Berntsen Bråthen

Ordførarkandidat for Senterpartiet, Marlene B. Bråthen er fornøgd med meiningsmålinga.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

Må betale for regjeringa sin politikk

Ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Tromsø Gunnar Wilhelmsen erkjenner nederlaget og tilføyer at Senterpartiet har jobba godt med leiaren i spissen.

– Dei har vore tydeleg på samanslåinga om Troms og Finnmark og dei har vore tydeleg på jernbane. Dette er det folk er opptatt av i Nord-Norge, seier Wilhelmsen.

Han fortel at Arbeiderpartiet har stemt to eller tre gonger mot Stortinget og vore imot tvangssamanslåinga som regjeringa har gjort.

– Det som er synd er at Arbeiderpartiet blir identifisert som ein tilhengar av tvangssamanslåing, noko vi ikkje er, seier Wilhelmsen.

Han fortel at partiet nå skal jobbe hardt dei neste åtte vekene og få tydeleg fram deira saker slik at dei får veljarane sine tilbake.

Gunnar Wilhelmsen (Ap)

Arbeiderpartiet må nå jobbe hardt for å få tilbake veljarane, ifølgje Gunnar Wilhelmsen som er ordførarkandidat for Arbeidarpartiet.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

Fanget opp prostestene

Kjell Arne Røvik er professor i statsvitskap ved UiT meiner Senterpartiet har fått gode tal på grunn av sentrums-periferi-dimensjonen som gir et politisk høgtrykk for partiet.

– Det gir eit like stabilt politisk lågtrykk for andre parti, særleg for Arbeiderpartiet og Høyre, seier Røvik.

Han meiner at Senterpartiet drar til seg veljarar som er skeptisk til reformene som dagens regjering har sette i gang.

– Dei gjer det bra ved å fange opp stemmene til dei misfornøgde veljarane. Dette har Fremskrittspartiet vore veldig flinke til å gjere i mange år, men nå tek Senterpartiet over denne rolla, seier professoren.