Hopp til innhold

Rekordfunn på Svalbard: – Dette er så spanande

Det blei funne skjelett av ein 238 million år gammal fiskeøgle ved Marmierfjellet på Svalbard. – Dette er den største fiskeøgla vi har funnet.

Tenner i kalksteinen

UVANLEG: Basert på tennene kan professoren Jørn Harald Hurum sjå at dette er ein stor fiskeøgle.

Foto: Jørn H. Hurum

– Vi har grave mange skjelett på Svalbard, men denne fossilet er uvanleg med sine åtte til ti meter og så gamal.

Det seier professor ved Naturhistorisk museum Jørn Harald Hurum som er tilbake frå sin 12. kartleggingstur til Svalbard.

– Vi har tidlegare funnet ein stor dinosaur på Svalbard som er 12 til 13 meter, men den er berre 150 millionar år gammal. Dette er fyste gang vi har funnet noko som er så stort og gamalt.

Saman med ein gjeng av frivillige, forskarar og studentar fant øglegravarane den siste dagen på turen knoklar av ein fiskeøgle nedst ved Marmierfjellet. Gradvis gjekk dei oppover fjellsida før dei fant fossilet av fiskeøgla.

Hurum tvilar på at fiskeøgla er heil.

– Den var nok åtte til ti meter lang, men eg trur det er tre til fire meter med skjelett som ligg i steinen. Det som er spanande er at vi veit hovudet er der, seier han.

Ifølgje Hurum gjer dei funn av ulike skjelett kvart år på slike feltturar.

Utgravingar på Svalbard gjennom 15 år har gitt overraskande oppdagingar om livet utvikling både tidleg trias og overgangen mellom sein jura og tidleg krit.

Funnstedet for den store fiskeøglen

FUNNSTADEN: Her fant forskarteamet den store fiskeøgla. Frå venstre: Benjamin Kear, Victoria Sjøholt Engelschiøn, Lene Delsett, Aubrey Roberts.

Foto: Jørn H. Hurum /

Utgraving neste år

Det å finne ut kor gamal eit fossil er litt innfløkt ifølgje Hurum.

– Det er ein geologisk formasjon som heiter Botnheiaformasjonen, og den er godt datert ved hjelp av ammonittar, altså fossile blekksprutskal. Slik klarte vi å finne ut kor gamalt denne fossilet er.

Sida fossilet blei funne siste dag fekk ikkje gravarane med seg fiskeøgla.

– Vi har markert den med GPS så skal vi søkje om utgravingstillating til neste år. Da blir den frakta til Naturhistorisk museum i Oslo, seier Hurum.

Der startar prosessen med å fossilet ut av steinen i eit laboratorium.

– Vi veit ikkje kva metode vi kan bruke for å få den ut, for den ligg inne i ein veldig hard stein. Det blir spanande å sjå om det er ein ny art, men det kan vi ikkje svare på før om fire år, seier Hurum.

Undersøkelse av 248 millioner år gamle lag med fossiler på Marmierfjellet

KARTLEGGING: På turen blei det også gjort undersøking av 248 millionar år gamle lag med fossil på Marmierfjellet.

Foto: Jørn H. Hurum /

– Eit viktig funn

Victoria Sjøholt Engelschiøn er stipendiat i paleontologi som også var med på kartleggingsturen.

– Med dette funnet ser ein at det fanst så store fiskeøgler på Svalbard på denne tida. Det er eit viktig funn for alle som jobbar med hav frå denne tidsepoken, seier ho.

Dette var Engelschiøn sin femte tur til Svalbard. Ho starta som frivillig før ho skreiv mastergraden sin basert på ein tur og i år var fyste året som stipendiat.

– Eit slik funn seier mykje om området rundt også. For eit så stort havlevande rovdyr må ha nok bytte for å overleve, det må vere tilgang på nok næring i vatnet og riktig temperatur, seier paleontologen.

I slutten av permtiden kom det mange og sterke vulkanutbrot frå Sibir som førte til ekstreme klimaendringar og tok livet av ca. 90 prosent av alle arter.

– Det kan vere grunnen til at fiskeøglene etter kvart blei så store sida det var meir tilgang på mat og det var lite konkurranse.

Victoria Sjøholt Engelschiøn

Victoria Sjøholt Engelschiøn skriv doktorgrad om økosystemet i mellomtrias som var frå 247 til 237 millionar år sida.

Foto: Privat