NRK Meny
Normal

Rådmannen ankar dommen

Vadsø-rådmannen vil ta ein ny runde i retten.

Svein Tore Dørmænen
Foto: NRK

Rådmann i Vadsø, Svein Tore Dørmænen ankar dommen frå Øst-Finnmark tingrett. Der vart han dømt til ei bot på 20.000 kroner for skattejuks. Samtidig vart Dørmænen frikjent for fem av dei sju postane i tiltalten mot han.

Vil bli reinvaska

No ønskjer rådmannen å bli fullstendig reinvaska.

– Han meiner at han heller ikkje er skuldig i dei to punkta i tiltalen som han vart dømt for, og derfor ankar vi dommen, seier advokaten hans, Christian F. Bonnevie Hjort til NRK.

Har gitt alle opplysningar

Svein Tore Dørmænen vart dømt for ikkje å ha oppgitt at han i 1999 budde gratis i eit hus som Vadsø kommune eigde, og for ikkje å ha oppgitt fri bensin i 2004.

– Dørmænen meiner retten tar feil. Han er sjølv av den oppfatninga at han har gitt dei opplysningane som var nødvendige for likningskontoret, for å fastsetje eit riktig skatteoppgjer, seier Hjort.