NRK Meny
Normal

Rådmann dømt for skattejuks

Men Vadsø-rådmannen vart frikjent på fleire punkt i tiltalen.

Svein Tore Dørmænen
Foto: NRK

Vadsø-rådmann Svein Tore Dørmænen er dømt til å betale 20.000 kroner i bot, for brot på likningslova. Aktor kravde 30 dagers fengsel for rådmannen, då saka var oppe i Øst-Finnmark tingrett.

Frikjent for fem tilfelle

Dørmænen er frikjent for fem brot på likningslova, men dømt for to lovbrot. I sjølvmeldinga si for 1999 oppgav han ikkje at han hadde bodd gratis i eit hus eigd av kommunen halve året. I sjølvmeldinga for 2004 oppgav han ikkje at han hadde hatt fri bensin for opptil 16.000 kroner. Desse to forholda er han no dømt for.

– Usedvanlig uryddig

"Det er meget oppsiktsvekkende at ordfører og kommunens øverste administrative leder ikke sørget for notoritet rundt en så spesiell avtale som fri bolig. Forholdene rundt inngåelsen av avtalen framstår som usedvanlig uryddige", heiter det i dommen frå Øst-Finnmark tingrett. 

Aktoratet meinte at rådmannen har disponert to etasjar i det huset han leigde av kommunen og ikkje berre overetasjen, slik han oppgav i likninga si. Dette er han frikjent for. I tillegg meiner Øst-Finnmark tingrett at Svein Tore Dørmænen ikkje hadde unngått å oppgi fri bustad frå 2000 til 2002, slik påtalemakta hevda.

Stor påkjenning

I fjor gjekk Økokrim, Fylkesskattekontoret og politiet til aksjon mot bustaden og arbeidsplassen til rådmannen, og sikta han for grovt underslag og økonomisk utroskap. Svein Tore Dørmænenes forsvarar, Christian F. Bonnevie Hjort peika på at denne hendinga hadde vore ei stor påkjenning for rådmannen. Dette har ikkje Øst-Finnmark tingrett tatt omsyn til.

"Tiltaltes uryddige opptreden når det gjelder disse forhold har klart en allmenn interesse, og medias oppmerksomhet rundt dette er en følge som måtte forventes", heiter det i dommen.