NRK Meny

Pengar til sjamanistisk samarbeid

Festivalen Isogaisa har fått 220.000 kroner i støtte frå Barentssekretariatet, pengar som skal brukast til at norske og russiske samar skal revitalisere gamal sjamanistisk tankegang. Isogaisafestivalen blir arrangert i Lavangen kommune, og på årets festival deltar samar og nenetsere frå russisk side av Sápmi. Til saman 25 prosjekt som har norsk-russisk samarbeid i fokus fekk støtte i april, og Barentssekretariatet har fordelt over tre millionar kroner.