NRK Meny
Normal

Over 20 varme - midt i september!

I dag blir det shortsvêr - i alle fall i nokre timar...

Høstsol

For deg som liker gode temperaturar, har meteorologen gode nyheiter midt i september.

Foto: Anatoly Tiplyashin / Colourbox

Dagens gladmelding for den som er glad i varmt vêr er signert statsmeteorolog Geir Bøyum ved Vêrvarslinga Nord-Norge.

I Måsvik, sør på Rebbenesøy, var det i dag målt 20 grader like før klokka halv sju – og det er gode temperaturar i vente over heile fylket vårt i dag.

– Det er jo heilt fantastisk når vi skriv 14. september på kalenderen!, seier ein entusiastisk meteorolog.

Det er yttersida som i dag kan vise til dei høgaste temperaturane: I Torsvåg er det no 18 grader, Hekkingen er det målt opp mot 17. Også på innlandet er det i dag gode temperaturar i vente, men det blir ikkje så varmt som på yttersida.

– Kva er det som gir oss denne milde lufta?

– Det er eit solid høgtrykk som ligg over sør-Skandinavia, noko som dirigerer ein sørleg luftstraum over heile Skandinavia. Så det er godt og varmt i heile Norge no, faktisk. Den lufta kjem frå sør i Europa, fortel Bøyum.

Varmt på dagen - kjøligare på kvelden

For dei som synest at shortsen har blitt litt for lite brukt i sommar, så kan ein med rette ta dette plagget fram i dag – men det kan bli litt kaldt på leggane utover dagen:

– Det vil bli mildt på starten av dagen, men vi har eit nedbørsområde som ligg inntil kysten. Det kom litt spreidd regn enkelte plassar i natt, og meir regn ventar vi utover dagen. Det blir nedbør utover ettermiddagen og kvelden, og nedbørsområdet vil passere fylket utover dagen. Etter dette vil det bli kjøligare luft, seier meteorologen og legg til:

– Temperaturane i kveld vil nok kome ned i 10 grader, både på yttersida og på innlandet.

Dagen i morgon vil bli kjøligare enn i dag, og startar med nordvestleg bris, opp i frisk bris. Det vil også bli enkelte regnbyer på starten av dagen, men dette vil minke. Og så kjem rosinen i pølsa:

– Frå i morgon kveld blir det opphaldsvêr, og høgtrykket vil ta over heile vêrbildet. Det ser lovande ut frå i morgon kveld og fram mot helga, seier Bøyum.

På Spitsbergen er det også ganske mildt, med temperaturar rundt 8 grader akkurat no. Temperaturane vil falle og kome ned mot 3 grader i kveld, og i morgon vil det halde fram med bygevêr som kan kome som sludd.

– Så der vil det nok etter kvart bli temperaturar som passar årstida, seier Bøyum.