Ny politisk rådgjevar

Markus Akselbo Johansen er tilsett som ny politisk rådgjevar for byrådsleiar Øyvind Hilmarsen i Tromsø kommune. Johansen er masterstudent i statsvitskap og er valt inn som studentrepresentant i Universitetsstyret ved UiT Norges arktiske universitet. – Byrådet er i gang med mange gode prosjekt og eg ser fram til å bidra med min kompetanse og kunnskap, seier Johansen.