NRK Meny

Ny avtale for pasientreiser

Helse Nord og UNN har no fått på plass ein avtale med ein tilleggsleverandør for pasientreiser i Midt-Troms. Helse Nord og UNN har no signert avtale med Troms taxi som tilleggsleverandør. Tidlegare i år var det fleire som klagde på kapasitetsproblem for leverandøren, og den nye avtalen skal no sikre pasientar som treng skyss i Midt-Troms.