Hopp til innhold

NRK-redaktør omkom i gyrokopter-styrten i Nord-Finland

Det var distriktsredaktør i NRK Finnmark, Morten Ruud (57), som omkom under gyrokopterstyrten i Nord-Finland laurdag kveld.

Morten Ruud, distriktsredaktør NRK Finnmark

Det var distriktsredaktør i NRK Finnmark, Morten Ruud, som omkom laurdag kveld.

Foto: KSENIA NOVIKOVA / NRK

Morten Ruud starta karrieren sin i Radio Porsanger i 1984, og jobba etter det i ti år som journalist og nyheitsleiar i Finnmark Dagblad.

Ruud jobba som Moskva-korrespondent for NRK frå 2007–2010.

I 2013 vart Ruud tilsett som distriktsredaktør i NRK Finnmark, ved det nye distriktskontoret i Alta.

Minnebord for Morten Ruud i NRKs lokaler i Alta

Det er sorg blandt de ansatte i NRK. Det blir holdt minnestunder i NRKs lokaler i Tromsø og i Alta.

Foto: Jan Harald Tomassen

Regionredaktør for NRK i Nord-Norge, Tone Kunst, seier at Ruud vil bli hugsa som ein dyktig journalist som brann for Nord-Norge, Nordkalotten, Barentssamarbeidet og samarbeid med Russland.

– Han ville informere alle om det som skjedde oppe i nord, og ville lage eit nettverk av samarbeidande partar på tvers av politiske usemjer og grenser, seier Kunst.

Ein person til sjukehus

Like før klokka 20 opplyste Hovedredningssentralen til NTB at ein person hadde omkomme i gyrokopterulukka i Nord-Finland. Den andre personen om bord i gyrokopteret blei lettare skadd.

Universitetssjukehuset i Nord-Noreg opplyste til NRK at personen var brakt til dei, og at vedkommande var lettare skadd.

Gyrokopteret styrta i nærleiken av Kilpisjärvi i Finland. HRS i Nord-Noreg samarbeider med den finske redningstenesta, og to norske ambulansehelikopter frå Tromsø og Evenes kom til staden.

Ifølgje Hovedredningssentralen Nord er ulykkesstaden rundt 20 kilometer aust av Treriksrøysa på finsk side.

– Så vidt vi veit skal gyrokopteret ha komme frå Lakselv i Finnmark, og det skulle til Steigen, seier Lars Nedrevåg hos HRS til iFinnmark.

Sendt til sjukehus i Tromsø

Redningstenesta var i kontakt med den eine personen om bord over ei dårleg mobil-linje.

Personen som er lettare skadd blei sendt med ambulansehelikopter til Tromsø.

– Han er litt forslått, men meir eller mindre uskadd, seier redningsleiar Tore Hongset til VG.

Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjent.

HRS melder at vêrforholda er gode med høgt skydekke og ingen nedbør.

Mikroflyulykke

Varsla via ein tredjepart

I ei pressemelding opplyser HRS Nord-Noreg at dei to personane om bord i gyrokopteret varsla om ulukka via ein tredjepart.

– Ein av dei to som sat i gyrokopteret ringde ein kjenning i Noreg, som vidare varsla oss, seier Hongset til VG.

Det vart ikkje fanga opp noko nødsignal før ulukka fann stad.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark