NRK Meny
Normal

Nordnorsk arbeidsliv får ikkje tak i kvalifisert arbeidskraft - frir til Vestlandet

Nordnorske bedrifter frir til arbeidsledige på sørvest-landet for å få kvalifisert arbeidskraft nordover.

Arbeidskraft, PEAB Bogstrand

Arbeidar frå PEAB Bogstrand i Tromsø i full gong med eitt av prosjekta firmaet jobbar med.

Foto: Eskil Mehren / NRK

– Vi har veldig mykje jobb, problemet er berre at vi ikkje har folk til å gjere den, seier avdelingsleiar Eirik Dalby i Peab Bogstrand i Tromsø.

Eirik Dalby

Eirik Dalby, avdelingsleiar i Peab Bogstrand i Tromsø, seier dei har nok jobb, men ikkje nok folk til å gjere den.

Foto: Eskil Mehren / NRK

Det same seier Arild Østgård, administrerande direktør i Bjørn Bygg AS. Byggefirmaet manglar byggemannskap og ingeniørar til sine oppdrag i Nord-Norge.

I Troms er bygg- og anleggsbransjen er ein av bransjane som slit med å få tak i nok arbeidskraft. Det var VG som først skreiv om det store behovet for arbeidskraft i nord.

Tal frå Nav viser at det trengst meir arbeidskraft i bedriftene og verksemdene i Nord-Norge. 14 prosent av bedriftene i Troms melder om alvorlege rekrutteringsproblem, noko som er høgst i landet, saman med Nordland.

Bransjane kor det er størst rekrutteringsproblem, er bygg og anlegg, industriarbeid og reiseliv og transport, viser Nav si bedriftsundersøkjing frå mai.

Arbeidsministeren: – Går så det susar

– For dei aller fleste vil det nok vere viktigare å ha ein jobb enn å gå arbeidsledige. Men kvar og ein må sjå på sin livssituasjon og vurdere kva dei kan gjere – anten det er å pendle ein periode eller om ein kan flytte oppover, seier arbeidsminister Anniken Hauglie.

Anniken Hauglie

Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) seier det går så det susar i Nord-Norge, og håpar fleire vil nytte seg av moglegheitane som finst i nord.

Foto: Oslo Høyre

Det store behov for kvalifisert arbeidskraft i nord er godt nytt, meiner ministeren:

– Tala viser at det går bra nordpå, at det går så det suser og at det er vekst. Og så skjønner eg at det er ei utfordring for bedriftene som slit med å rekruttere folk, men først og fremst er dette ein god nyheit for Nord-Norge.

Hauglie er tydeleg på at det finst mange moglegheiter i nord:

– Nordpå treng ein folk innanfor alle bransjar; helse, bygg, service. Folk landet rundt kan fylle desse så lenge ein klarer å lokke dei nordover, og det håpar eg dei klarer, for no er det verkeleg gode tider nordpå.

– Arbeidslivet treng kompetansen no

Nav i Troms og Nav i Rogaland har no eit samarbeidsprosjekt for å utveksle arbeidsplassar og arbeidstakarar.

Stein Rudaa, fylkesdirektør i Nav Troms, fortel at dei til hausten skal arrangere ei jobbmesse i Stavanger for å lokke kvalifiserte arbeidstakarar nordover.

Fylkesdirektør i NAV Troms

Stein Rudaa, fylkesdirektør i Nav Troms, seier dei no skal arrangere ei jobbmesse i Rogaland for å trekke til seg kvalifisert arbeidskraft.

Foto: Marius Fiskum

– Det er synd at kompetansen her i nord ikkje står til den ledige arbeidskrafta. Anslagsvis er det like mange ledige stillingar som det er ledige folk, men næringslivet kan ikkje vente på at desse skal omskolerast. Arbeidslivet treng kompetansen no, seier Rudaa.

Arild Østgård i Bjørn Bygg understrekar at folk ikkje treng å engste seg for å flytte nordover:

– Det er ikkje slik at ein forlèt sivilisasjonen når ein sett seg på flyet til Bodø eller Tromsø.