NRK Meny
Normal

Nord-Finland: 5000 asylsøkjarar har blitt registert på to veker

Dei to siste vekene har meir enn 5000 asylsøkjarar blitt registrert ved flyktningslusa i Torneå i Nord-Finland.

Flyktninger i Haparanda

Flyktninger som har ankommet Finland via Sverige.

Foto: JUSSI NUKARI / Afp

Finsk politi opplyser at talet på asylsøkjarar som har kome til den finske grensebyen Torneå via Nord-Sverige til no er 5000 – og dette talet aukar stadig.

Flyktningslusa har vore open i to veker. Berre i går blei nærmare 500 asylsøkjarar registrert, opplyser finsk politi i ei pressemelding.

Talet vil halde fram med å auke, og i dag er det venta at 200 asylsøkjarar skal kome til Torneå.

Ventar 50.000 i år

– Slusa skal vere open sju dagar i veka og er bemanna av politiet som skal registrere personar som kjem til landet. Når dei er ferdig registrert, fortset ferda deira til andre asylmottak i Finland.

Det sa Jaana Vuorio, som er overdirektør på Migrationsverket i Finland, til Sveriges Radio da slusa opna i slutten av september.

Politiet opplyser også at meir enn 470 asylsøkjarar har reist vidare for å bli innkvartert andre stadar i landet.

Tidlegare i haust anslo finske myndigheiter at rundt 50.000 menneske vil kome til å søke asyl innan året er omme. Berre i september blei det registrert heile 11.000 asylsøknadar i landet.