Hopp til innhold

No skal Benulic gje sin versjon om milliardskandalen

I dag startar forsvaret for den svindeltiltalte Boris Benulic i rettsaka om den mykje omtalte Kraft & Kultur-skandalen.

Boris Benulic

Tidlegare administrerande direktør i Kraft & Kultur, Boris Benulic, står tiltalt for grov regnskapssvindel.

Straffesaka mot dei svindeltiltalte starta 13. april. Boris Benulic er hovudmistenkt, som tidlegare toppsjef i Kraft & Kultur. Han er tiltalt for svindelen, men har heile tida nekta skyld.

Saman med han er tre andre tiltalt for medhjelp til økonomisk svindel. To av dei er økonomiansvarlege Pierre Sjöö og Helena Ridderstråle, i tillegg til administrasjonssjef Jonas Lundberg.

I saka skal det avslørast korleis Troms Kraft sitt tidlegare dotterselskap Kraft & Kultur i Sverige enda med skandale og tap på over 1,7 milliardar kroner.

Kraft og Kultur

34 alvorlege feil i etterforskinga, meiner Benulic

NRK sin reporter Lars Egil Mogård er på plass i rettssalen i Södertörns tingsrätt, ein halvtime utanfor Stockholm.

I retten i dag har forsvararane starta sin gjennomgang der dei imøtegår påstandane om bokføringsjuks.

– Forsvararane trekk i tvil dei berekningane som er gjort om rekneskapen til Kraft & Kultur, fortel Mogård frå retten i Sverige.

Nord24.no har gått igjennom etterforskingsdokumenta, kor Benulic sjølv har summert opp sin eigen versjon av saka. Han listar opp 34 alvorlege feil i etterforskinga, og har i avhøyr sagt at han ikkje har hatt nokon personleg økonomisk vinning på det han er skulda for.

– Det verkar som at etterforskarane går ut ifrå at eg har gjort det for spenningas skyld, skal Benulic ha sagt i avhøyr, skriv Nord24.

Ser fram til sin versjon

Seinare i dag skal Boris Benulic i gong med sitt eiget vitneavhøyr. Han skal med eigne ord fortelje om tida han var toppsjef i Troms Kraft sitt svenske dotterselskap.

– Eg ser fram til å gje mi framstilling til retten, seier Benulic til NRK.

I neste veke er det aktor som skal avhøyre Benulic.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark