– Eg har fått andre jobbtilbod som regissør og dramatikar, noko eg heller vil jobbe med etter kvart.
Det seier Nina Wester, teatersjef på Hålogaland Teater. Sidan 2012 har ho vore sjef ved teateret, i ei åremålsstilling på fire år. Neste år blir hennar siste som teatersjef.
Styret vil no gå i gang med å finne ein arvtakar.
– Det er heilt naturleg at dei ønsker det. Eg fekk fire år, og dei skal eg gjere ferdig, seier Wester.
– Så du ville ikkje ha søkt på stillinga?
– Nei, eg ville ikkje ha gjort det. Det ville ha vore uaktuelt for meg, slår ho fast.
- LES OGSÅ:
Millionar i inntektstap
Teatersjefen har blitt kritisert for å vere for smal i kunstnariske val, men har sjølv haldt på sitt og vore klar på at ho ikkje berre vil satse på store publikumssuksessar.
Besøkstalet i 2014 var i underkant av 50.000, og rapporterte ein svikt på 8000 publikummarar – eller to millionar kroner i inntektstap.
Teatret hadde budsjettert med eit underskot på 1,5 millionar kroner, men underskotet enda på 1,8 millionar.
- LES OGSÅ:
Nye impulsar
Styreleiar for Hålogaland Teater, Herman Kristoffersen, avviser at denne kritikken har vore utslagsgivande for at Wester ikkje vil halde fram som teatersjef.
– Tvert imot, styret er veldig nøgd med måten Nina Wester har bidratt til teateret. Men fire år som teatersjef er krevjande. Du skal gje av deg sjølv og bruke den kunstnariske bagasjen du har med deg, og realisere dine visjonar.
Kristoffersen meiner det er sunt for teateret å skifte ut kunstnarisk leiing når åremål går ut, for å få inn nye idear og impulsar.
– Ein må tenke på kva som er bra for teateret og det publikummet teateret skal betene. Da må ein få konstant påfyll av folk som har idear om teateret. Styret har avgjort at vi treng nye tankar inn, seier Kristoffersen.