Nært norgesrekord på Isbadestranda

295 modige sjeler heiv seg i havet på Isbadestranda på Evenskjer i dag. Det er nesten norgesrekord - i alle fall nordnorsk rekord!

Isbading på Evenskjer

295 tøffingar heiv seg i havet på Isbadestranda på Evenskjer i dag.

Foto: Kjerstin Gjerstad Holdal

I formiddag gjekk den tradisjonsrike «Isbadedagen» på Evenskjer i Skånland av stabelen for niande gong.

– Det var forfriskande!, seier Kjerstin Holdal, som saman med klassen sin på Backpack Surpris på Soltun folkehøgskole kasta seg i havet ved Isbadestranda på Evenskjer tidlegare i formiddag.

Arrangørane hadde ønska å setje norgesrekord i talet på badarar, og da måtte minst 325 personar dukke opp på stranda i formiddag - og hive seg utti det kalde havet. Det kunne nesten ha gått.

– Vi klarte det nesten! 295 badarar kom, fortel leiar av Isbadestranda vel, Bente Johnsen, kort tid etter at dei nesten 300 har fått varmen i seg etter å ha vore uti havet.

Elever frå Soltun FHS på Isbadestranda

Elevar frå Backpack Surprise på Soltun Folkehøgskole stilte mannsterke på Isbadestranda.

Foto: Kjerstin Gjerstad Holdal

Dobling frå sist rekord

Badinga skulle eigentleg starte klokka 12, men fordi det var så utruleg mange som dukka opp, blei det heile utsett med ein time. Sjølv om det ikkje heldt til norsk rekord den her gongen, så har det aldri vore så mange på Isbadestranda på Evenskjer.

– Vår førre rekord var i 2009, da var det 155 som bada, så no har den rekorden dobla seg, seier Johnsen til NRK - godt nøgd med det talet. Ho kallar det heile ein suksess.

– Det var ei magisk og ordentleg god stemning på stranda, det var unge og vaksne som møtte opp, ganske mange ungar faktisk, seier ho.

Og det er ikkje alle av dei som kom til Evenskjer i dag som er vante isbadarar:

– Mange av dei som kom var folk som sa at dei ikkje badar på sommaren, og det var også ei som ikkje eingong badar i Syden. Ho heldte på å trekke seg når det ikkje blei rekord, men ho bada likevel.

Tradisjonen med isbading i desember starta for ni år sidan av Svein Berg og Berit Anne Reinås, saman med Frivillighetssentralen på Evenskjer. Den første gongen kom det 82 badeglade folk.