NRK Meny
Normal

Mørke skyer over oljenæringa - færre vil studere oljefag

Olje- og gassfag var for nokre år sidan dei store trekkplastera innanfor høgare utdanning. No er det sterk nedgang i søkertala.

Færre enn før vil studere oljefag på UiT - flere vil studere havbruk.

  • Sjå video øvst i saka!

I dag blei tala på søknadar til høgare utdanning offentleggjort. Tala frå Samordna Opptak viser at færre enn før søker seg til oljefag.

Studia som mister søkarar på Universitetet i Tromsø, Noregs arktiske universitet, er særleg dei som utdannar folk innanfor oljebransjen. For ingeniørfag, prosess- og gassteknologi er nedgangen på heile 64 prosent.

Yngve Birkelund

Yngve Birkelund, instituttleiar på fakultet for naturvitskap og teknologi, UiT.

Foto: Erling Bjørklund / NRK

– Eg trur det vi ser no er ei resultatet av ein nedgang i industrien generelt. Dei siste åra har det vore ei veldig sterk utvikling innanfor desse faga, på grunn av framtidstrua i oljenæringa, seier Yngve Birkelund, instituttleiar på fakultet for naturvitskap og teknologi på UiT.

– No har bransjen fått seg ein knekk, og vi ser det direkte på søkertala til desse utdanningane.

– Forventa ein nedgang

For berre nokre år sidan, var desse studia dei store trekkplastera for studentane.

No er det mørke skyer over oljenæringa, og det påverkar søkertala. Det innser også bransjen sjølv.

– Vi må nok forvente ein nedgang i søkertalet no, i lyset av nedgangen i aktiviteten på norsk sokkel, oppsigelser og det mediebildet som er skapt om at vi har nådd toppen og er på full fart nedover, seier Yngve Vassmyr, administrerande direktør i Subsea og legg til:

– Eg synst nok at dei tala som kjem fram i dag er i overkant over det ein skulle forvente.

– Svært gledeleg, meiner rektor

Men om trua på oljenæringa har blitt borte, har trua på havbruksnæringa vakna til liv. Akvakultur og marine fag opplever nemleg ei stor auke i søkertalet. Akvamedisin, fiskeri- og havbruksvitskap har hatt ei auke på meir enn 30 prosent på Universitetet i Tromsø.

Det er ikkje overraskande, meiner rektor Anne Husebekk.

– Sjømatnæringa er ei næring vi ser på som veldig framtidsretta, den aukar i nord og det er eit stort behov for arbeidstakarar, seier Husebekk til NRK.

– Det er svært gledeleg at fleire unge vel denne vegen, og det trur eg vi også vil sjå i åra som kjem.

Studentane som sjølv har deltatt i rekrutteringa ser også at det er ein klar samanheng mellom søkertala og dei næringane som går godt.

– Akva- og marine fag er jo ei blå næring i vekst, og er ei grøn fornybar næring, så det er klart at det kan nok godt vere ein samanheng der, seier student Alexander Helberg.