Mista sonen til plutseleg hjartesvikt: – Alle som driv med idrett burde sjekke hjartet sitt

Plutseleg hjartesvikt er ein av dei fremste dødsårsaka til unge utøvarar. – Det er idiotisk at det ikkje er ein rutine for unge idrettsutøvarar å sjekka seg.

Kristoffer Larsen

STARTA STIFTELSE: Kristoffer Larsen drev aktivt med terrengløp og friidrett. Han døydde av plutseleg hjartesvikt. Foreldra hans har starta ein stiftelse i hans namn.

Foto: Privat

Tysdag denne veka kom nyheita om at landslagsløpar Sondre Turvoll Fossli fekk hjartestans medan han køyrde bil.

Hjartet hans blei undersøkt, men det blei ikkje funne mistanke om feil.

Etter at toppsvømmaren Alexander Dale Oen døde av hjartestans i 2012, har det vore auka fokus på å avdekke moglege hjartefeil hos norske idrettsutøvarar.

Likevel er det ynskja om større fokus på å førebygge hjartefeil blant unge utøvarar.

– Han var ung og aktiv

Kristoffer Larsen var ein aktiv tenåring som flytta med familien sin frå Harstad til USA i 1999.

Sommaren 2016 var han på besøk hos sine besteforeldre i Harstad i 2016. Ein kveld gjekk han og la seg. Dagen etter vakna ikkje 22-åringen.

Plutseleg hjartesvikt var dødsårsaka.

– Legane fant ikkje ut kva som var årsaka så vi måtte pushe på slik at de kunne finne det ut. Det viste seg at Kristoffer hadde ein hjartesjukdom kor hjartet etter kvart ville bli større, seier faren til Kristoffer, Tormod Larsen.

Kristoffer Larsen

AKTIV UNGDOM: Kristoffer Larsen var aktiv med både terrengløp og friidrett.

Foto: Privat

For å hindre andre foreldre til å gå gjennom det same som dei, starta Tormod og kona Gry stiftelsen Kristoffer Larsen Big Heart.

Namnet er inspirert av hjartesjukdommen og kvalitetane til Kristoffer.

– Han var ein veldig omtenksam og sjenerøs gut. Med organisasjonen får vi ein meining med alt vi har vore igjennom. Særleg når ein er med på å spare liv, seier Larsen.

Fleire bør sjekka hjartet sitt

Kristoffer Larsen Big Heart organisasjonen har ein hovudsak kor dei førebygg plutseleg hjartestans, særleg blant unge og aktive unge.

– Vi sjekkar hjarterytmen og EKG til ungdommar som blir analysert av hjartelegar. Slik kan vi finne ut om ungdommar har skjulte sjukdommar dei ikkje skal ha, seier Larsen.

EKG Screening av Kristoffer Larsen Big Heart

SJEKKAR UNGDOMMAR: Kristoffer Larsen Big Heart jobbar med å sjekke EKG til ungdommar for å finne ut om dei har skjulte hjartefeil.

Foto: Privat

– Det er idiotisk at det ikkje er ein rutine at idrettsutøvarar sjekkar seg, seier han.

Han syns at folk bør oppsøkje legen sin og be om EKG, sjølv om det kan verke rart.

– Dersom du er ein frisk idrettsutøvar som går til ein lege og ber om EKG så tenkjar ein nok «kvifor skal du det?". Ein kan samanlikne det som mammografi, kvinner går ikkje rundt og trur dei er sjuke, men det er ei forsikring for å vite at noko ikkje er gale.

Larsen fortel at ein skal ikkje vere mykje aktiv før risikoen aukar og derfor bør ein sjekka seg.

Vanskeleg å lokalisere

Thomas Torgalsen er lege ved Olympiatoppen og seier dette er ein vanskeleg problemstilling.

Eg er redd for at dersom det blir vanleg å skanne unge utøvarar og ein finn noko så kan det gjere at dei ikkje vil fortsetja med idretten. Sjølv om det ikkje er noko farleg, seier legen.

Han fortel at det å finne skjulte hjartefeil hos utøvarar er vanskeleg og viser til situasjonen med Fossli som nettopp har vore inne til ein sjekk kor det ikkje blei funnen noko.

– Vi gjennomfører ein klinisk undersøking med EKG, samt at vi spør om sjukehistoria deira. Dersom ein finn noko som kan verke alarmerande så blir dei sendt vidare til ein spesialist, seier Torgalsen.

Han understrekar også at sjølv om ein ikkje finn noko ved den kliniske undersøkinga er ein ikkje heilt sikker på at utøvaren kan få hjartestans seinare. Skanninga kan gje ein falsk tryggleik.

lege Thomas Torgalsen

DROPPE IDRETTEN: Lege Thomas Torgalsen ved Olympiatoppen er redd for at unge sluttar med idretten om det blir funnet noko som ikkje trenger å vere alvorleg.

Foto: Trond Stenersen

Operert for harehjarte

– Fyste klasse på vidaregåande skole skulle eg og ein kompis springe opp på ein topp. Plutseleg ser eg på treningsklokka mi at pulsen hoppar frå 170 til 230 og eg kjenner eit ubehag i brystet.

Det var ikkje fyste gongen skiløparen Maximilian Bie frå Sørreisa hadde kjent på dette, men hendinga sette ein vekker i ham så nå ville han finne ut kva som var årsaka.

Legane fant ikkje ut kva som var gale med hjartet til Bie. Undersøkinga viste berre eit friskt og uthaldande hjarte.

– Eg trena som vanleg etter det, først utan problem, men så kom problemet tilbake. Eg måtte bryte fleire skirenn på grunn av ubehaget i brystet. Då ville eg finne ut kva som var problemet.

Bie hadde eit hjarte som «spring løpsk», også kalla harehjartet. Han gjekk igjennom tre operasjonar før han til slutt ikkje merka noko av dette i treninga.

– Det er nå i seinare tid at eg har skjønt kor alvorleg det er. Eg kjenner fleire som har hatt liknande enkelttilfelle, men hos meg var det plagsamt, seier Bie.

Maximilian Bie

BRAUT SKILØP: Eit hjarte som løpar løpsk var grunnen til at Maximilian Bie måtte bryte fleire skirenn.

Foto: Privat

– Burde vere ein rutine

Bie kjente sjølv godt til Fossli og har trent med han fleire gongar. Han påpeiker at hendinga med treningskompisen viser at det er vanskeleg å finne hjarteproblem.

– Sondre hadde nettopp vore til kontroll kor dei ikkje fant noko, men likevel burde det vere slik at alle unge aktive blir sjekka.

Maximilian Bie

HAREHJARTE: Det var eit mysterium for legane å finne ut kva som var grunnen til at pulsen til Bie hoppa frå 170 til 230 på sekundet.

Foto: Privat

Han fortel at idrettsutøvarar tar ofte blodprøvar for å finne ut om verdiane er riktig, men syns at i same slengen burde ein sjekka hjartet.

– Ein bør ta ein ultralyd for å førebyggje eventuelle feil. For det er openbert noko som er eit problem.

Bie sjekkar seg sjølv regelmessig, trass i at han ikkje har kjent på noko smerter etter siste operasjon.

– Eg må sjølv bestille time og eg syns det burde vere ein rutine, at ein blir kalla inn til time for å sjekke hjartet.