NRK Meny
Normal

Militær tungtransport sperrar vegen

Ein militær tungtransport har sklidd av vegen ved Rundhaug i Målselv. Det er ikkje sikkert at vegen vil opne i kveld.

Militær tungtransport av vegen ved Rundhaug

Bilberging pågår etter at ein militær tungtransport sklei av vegen tidlegare i kveld.

Foto: Forsvaret

Det svært tunge køyretøyet blokkerer delvis FV854 ved Maukdal, omlag 3 kilometer vest for Rundhaug i retninga Olsborg – Rundhaug.

– Det er tungtransport som har sklidd av vegen og som står i fare for å tippe. Militærpolitiet er på staden og dirigerer trafikken, opplyser oberstløytnant Aleksander Jankov.

Militærpolitiet har sett ut patruljar ved Rundhaug og Olsborg, opplyser Jankov. Dei har fått myndigheit av sivilt politi til å dirigere trafikk og avgrense ferdsel mot bergingsplassen.

– Vi anmodar folk om å halde god avstand slik at berginga kan gå så fort som mogleg. Det er store maskinar og svært tung last, seier Jankov.

Det vil framleis ta lang tid å berge bilen.

Bilistar vert anbefala å køyre via Bardufoss for å kome seg frå Olsborg til Rundhaug, eller å følgje FV857 via Øverbygd om ein kjem ifrå nord.

Det er svært glatt i området, og det var det glatte føret som gjorde at det militære køyretøyet hamna utfor vegen.

Det er usikkert kva tid vegen vil vere opna igjen.

– Eg tør ikkje å garantere at vegen vil opne i løpet av kvelden, seier Jankov.

Laster kart, vennligst vent...