Hopp til innhold

Meteorologen: – Det gode vêret går litt for fort over

I dag har folk i Troms fått kjenne på temperaturar opp mot 20 grader. I morgon fell temperaturen betydeleg.

varme, sommer, sol

Søndag 22. mai har vore ein av dei varmaste dagane hittil i år. Dei neste dagane blir ikkje like varme, fortel statsmeteorolog Sjur Wergeland.

Foto: HANSEN, ALF OVE / SCANPIX

Fint vêr i heile fylket, lite skyar og gode temperaturar.

Slik samanfattar vakthavande statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Nord-Norge, Sjur Wergeland, søndagsvêret.

For mange har nok dagen minna om ein sommardag, og temperaturmessig har det for heile fylket vore gledeleg tal på termometeret. Søndag ettermiddag var det til dømes 19 gradar på Bardufoss og 17 gradar ved flyplassen i Tromsø.

Men når vekedagane gjer sitt inntog, er nok idyllen over for denne gong.

– Det gode vêret går litt for fort over, det er nok det som er problemet, seier Wergeland til NRK.

I morgon er det venta meir skyar, regn og eit fall i temperaturane. Det kan bli så mykje som ti gradar kaldare enn det som blei målt på søndag, fortel meteorologen.

– Frå i morgon ettermiddag kjem det nedbør, og da vil temperaturane rase ned, samtidig som kjølig havluft kjem inn, seier Wergeland.

Denne vêrtypen vil halde seg i fleire dagar framover, men prognosane for neste helg ser desto betre ut.

– Neste helg ser ut til å få same vêr som vi har no, med opphaldsvêr og stigande temperatur, avsluttar meteorologen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark