Hopp til innhold

MC-medlemmar kan få varetekt

Politiet ber om varetekstfengsling etter aksjonen mot MC-klubben i Alta.

Wolverines klubbhus
Foto: Kai Erik Bull / NRK

I dag bad politiet om fire vekers varetektsfengsling for to av medlemmane i MC-klubben Wolverines i Alta. Desse vart pågripne etter at politiet gjekk til aksjon mot klubbens lokale fredag. 

Beslag fra MC-klubben Wolverines
Foto: Jenny Duesund / NRK

– Vi ber om varetektsfengsling på grunn av faren for at bevis kan gå tapt. Forholda dei er sikte for dreier seg om grovt tjuveri / heleri, seier lensmann i Alta, Tor Johansen.

I helga har politiet hatt fleire personar inne til avhøyr og gått gjennom beslaga som vart tatt i klubblokala til Wolverines. Dette dreier seg blant anna om mykje datautstyr og køyretøy, og Johansen anslår at beslaga er verdt fleire hundre tusen kroner. Han seier dei framleis held eit auge med MC-miljøet.

– Vi må følgje opp dette miljøet. Det er fleire opplysningar som tyder på at det drivast kriminell verksemd her, seier Tor Johansen til NRK.