NRK Meny
Normal

Mann til sjukehus etter å ha velta på snøskuter

Uhell på snøskuter på Svalbard på langfredag førte til sjukehusbesøk.

Laster kart, vennligst vent...

Ifølgje Svalbardposten, som først omtala hendinga, skal ein mannleg skuterfører ha pådratt seg brotskader i ei arm og i ansiktet etter ein skutervelt seint på ettermiddagen.

Sysselmannen sendte da ut eit redningshelikopter for å hente mannen, som blei skadd i ulykka i nærleiken ved Colesbukta, skriv Svalbardposten.

Skjærtorsdag var det også eit uhell med ein skutervelt, da ein russisk statsborger fekk brotskader i arma da han velta med snøskuteren like ved Pyramiden, skriv avisa. Også han blei henta med helikopter.

I tillegg har det vore to skuterbrannar på Svalbard dei siste dagane, ein brann på onsdags ettermiddag og ein skjedde langfredag. Ingen kom til skade i desse brannane.

– Utanom dette har det vore roleg, opplyser sysselmannsførstebetent Ståle Nylund hos Sysselmannen på Svalbard.

Det har vore godt vêr og føre på Svalbard i påska, og mange tilbringer påska utandørs, fortel Nylund:

– Det er mykje folk ute, både på skuter, på ski og til fots. Trass i ganske kaldt vêr, har vi vore forskåna mot dei store frostskadene.

Hittil i påska har politiet tatt seg av ein belgisk statsborgar med frostskadar tidleg torsdag morgon, og mannen måtte bli henta med helikopter ved Rabotbreen.