Hopp til innhold

Lurer du på korleis det ser ut inni ein isbre?

Sju år gamle Kjersti og Ingeborg frå Svalbard viser veg på isgrottetur.

Lurer du på hvordan det ser ut inni en isbre? Vi har vært med to jenter fra Svalbard på isgrottetur.

Naturen skjuler mange skattar – og nokre gongar må ein leite under jorda og inni fjellet for å finne dei vakraste av dei.

Det veit dei to sju år gamle jentene Ingeborg Andersen og Kjersti Hammer, som bur på Svalbard. Der finn ein naturfenomen som perler på ei snor – og nokre av dei finaste finn ein i isbre!

Her har jentene vore mange gongar, og dei klatrar vante ned stigen som fører dei inn i det underjordiske mørket.

Andre ville kanskje ha nøla med å ta ein slik tur eller vore litt redde, men ikkje desse jentene.

I løpet av mange år har smeltevatn rent igjennom ein sprekk i isen grave ein tunnel som går fleire kilometer innover i isen.

– Det er kult her!, seier Kjersti og Ingeborg. Spesielt synst dei det er stilig at dei kjem seg inn i dei tronge isgangane der dei vaksne nesten ikkje kjem til.

  • Sjå video øvst i saka!

Flere nyheter fra Troms og Finnmark