Hopp til innhold

Lokkar Røkke med pengar

Ordføraren i Vardø er lei av å vente på ny fiskeproduksjon i byen.

Wøhni-anlegget
Foto: Øyvind André Haram / NRK

Han har venta sidan 2005, no orkar ikkje Vardø-ordførar Rolf Einar Mortensen å vente lengre.

- Det er på tide at noko skjer, difor legg eg krav på bordet og pengar. Så håper eg at Aker er villige til å satse.

 

 

Odd Einar Esbensen

Nestformann i fiskarlaget Odd Bjarne Esbensen er kritisk til pengane frå Vardø by til Røkke.

Foto: Øyvind Haram / NRK

Fisk ut av byen

Ikkje sidan det enorme Westfish-Aarseter anlegget gjekk utfor stupet like etter århundreskiftet, har det vore fiskeproduksjon i byen. Då Aker Seafoods og Kjell Inge Røkke bretta opp ermene i 2005, vart det tent eit håp i Vardø. Ingen ting har skjedd med fisken sidan den gong.

- I dag vert all fisk sendt ut av byen. Vi vil ikkje vere tradingby. Vi har sterke tradisjonar for bearbeiding av fisk i Vardø og vil ha det og i framtida.

Ordførar Mortensen vil no ha tilbake produksjonen i det såkalla Wøhni-anlegget som Aker i dag eig. Anlegget ligg inne i sentrum av Vardø.

Krav til Røkke

NRK veit at det ligg minst 1 million kroner på bordet frå Vardø kommune dersom Aker Seafoods er villige til å starte opp produksjon i byen. Ordførar Mortensen set likevel krav bak pengane:

- Visst vi skal gå inn så skal vi ha minst ein plass i styret i det nye anlegget. Vi skal også ha ein dagleg leiar her, det skal vere ei eining her. Det trengst ikkje noko filial her.

Kritikk mot millionen

Det var mange som jubla i Vardø då Røkke kom i 2005. I dag er det ikkje lett å finne optimisme til milliardæren i byen. Nestformann i fiskarlaget Odd Bjarne Esbensen er og kritisk til pengane frå Vardø by.

- Då Røkke og Aker kom hit sa dei at dei ville ta samfunnsansvar. Så har ikkje skjedd. Trålerkonsisjonane som dei og har her i Vardø, ser vi ikkje noko av. Fisken kjem ikkje hit. Kvifor skal me då bruke ein million, spør Esbensen?

Flere nyheter fra Troms og Finnmark