Hopp til innhold

Leiteaksjon etter sakna mann i Tromsø

Leiter etter mann som ikkje dukka opp etter gåtur i går kveld.

Leitemannskap samlar seg saman med redningshundar

Leiteaksjonen starta like etter 06.30 onsdags morgon. Både Røde Kors og Norsk folkehjelp bistår politiet i leiteaksjonen.

Foto: Trygve Andreassen / NRK

Det er no ein stor leiteaksjon nord på Tromsøya. Politiet leiter etter ein mann som ikkje dukka opp etter å ha gått seg ein tur frå Hamna til Utsikten seint måndag kveld. Han skal ha gått i lysløypa.

Operasjonsleiar Øyvind Gundersen i Troms politidistrikt seier til Nordlys at politiet fekk inn melding om at mannen var sakna like etter klokka 05.00 i dag.

– Leiteaksjonen blei sett i gang like etter 06.30, etter at han var meldt sakna og ikkje kom heim i går, seier operasjonsleiar i Tromsø-politiet, Eirik Kileng til NRK.

Leiteaksjon med hund i Tromsømarka

Hundar er tatt i bruk i leiteaksjonen på Tromsøya.

Foto: Trygve Andreassen / NRK

No er Røde Kors og Norsk Folkehjelp og hundar sett inn i søket, og politiet kjem også til å fly over området med helikopter. Det blir søkt mellom Stakkevollan og Hamna, spesielt i lysløypa, opplyser politiet. Mannen skal ikkje ha vore veldig godt kjent i dette området.

– Mannen er i god helse og normal fysisk form, og skal også vere iført gode klede, seier Kileng.

Mannen er i slutten av 40-åra, er litt kraftig, litt skjegg og har lite hår på hovudet. Mannen er iført ein grå allvêrsjakke og dongeribukse, og politiet ønsker tips frå folk.

– Vi ønsker tips viss folk har sett nokon som kan passe til dette signalementet, seier Kileng til NRK.

Politiet sitt nummer er 02800.

Luftambulansehelikopter over Tromsøya

Luftambulansen bistår i søket etter ein sakna mann i 40-åra.

Foto: Noralf Brandser

Flere nyheter fra Troms og Finnmark