Årsaka til kutta er nedgangen i søkjartala til vidaregåande opplæring.
Fylkesråd for utdanning, Roar Sollied, har lagt fram ei innstilling kor det er foreslått å kutte minst 135 skuleplassar i vidaregåande skule over heile fylket.
Mellom anna er det foreslått å leggje ned petroleumslinja på Tromsdalen vgs., da denne lista berre hadde seks søkjarar. Kuttet betyr at dei ikkje held fram med linja, men dei som allereie har begynt der, skal få fullføre. Denne linja blei oppretta i 2013, i samarbeid med Universitetet i Tromsø og Norsk Olje og Gass.
- Les også:
- Les også:
Går utover lærarstillingar
– Eigentleg er dette ikkje så dramatisk som det ser ut. Det er ei justering i forhold til dei søkjarane som faktisk finst, seier Sollied, og legg til:
– Og det er slik at viss vi har hatt to klassar på eit tilbod før, så har det kanskje berre vore 19–20 elevar. Fell søkjartalet ned til 15, så står vi igjen med berre ein klasse.
– Kva blir konsekvensane av denne justeringa?
– Det blir jo nødvendigvis behov for færre lærarar samtidig, så det er alltid den vonde sida av det. At vi får færre elevar kan vi ikkje gjere noko med, men vi får dermed færre lærarar i skulen, seier Sollied.
Ein nedbemanningsprosess er allereie i gong, og også i fjor var det fleire kutt i talet på lærarstillingar i vidaregåande skule.
Sollied presiserer at den føreslådde justeringa ikkje handlar om å fjerne studietilbod, men å justere kapasiteten. Det er berre petroleumslinja som er foreslått fjerna.
- Les også:
- Les også:
Helsearbeidar og naturbruk aukar
I innstillinga heiter det at den føreslådde justeringa kjem til å kunne redusere kostnadar med om lag 5–6 millionar kroner på heilårsbasis.
For nokre skular betyr justeringa ei auke: På Stangnes vgs. er det foreslått å doble elevplassar på Vg2 Helsearbeidarfag, og på Skjervøy vgs. er det foreslått å doble plassane på Vg1 Naturbruk. Aukinga vil bety at begge linjene får 30 elevplassar.
Saka skal behandlast i fylkesrådet i morgon tysdag.
- Sjå fullstendig tabell her: