Kun to parti til val i Torsken

I Torsken kommune er det berre to parti som stiller til val i haust - og folk må dermed velje mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Det skriv Troms Folkeblad. - Det er beklageleg at det ikkje er fleire parti som stiller i Torsken. Eg trur utfordringane rundt den framtidige kommunestrukturen kan vere ei årsak, seier ordførar Fred Flakstad til Folkebladet.