Hopp til innhold

Kontrollutvalet klarte ikkje å avsløre bedrageri

Kontrollutvalet i Tromsø kommune klarte ikkje å avsløre at ein tidlegare tilsett i Flyktningtenesta bedro kommunen for 4,5 millionar kroner.

Tromsø politikammer

Mannen som er sikta for grovt bedrageri har erkjent straffskuld.

Foto: Johan Skålvoll / NRK

Det var eit tips frå Skatteetaten som avslørte mannen, som no er sikta i saka.
Mannen har i avhøyr innrømma forholdet. Han er sikta for grovt bedrageri og har erkjent straffskuld.

Sjølv om det var tips frå Skatteetaten som gjorde at ei gransking vart sett i gang, var kontrollutvalet i kommunen allereie i gang med si eiga revidering av Flyktningtenesta.

Mistenkeleg fakturering

Det seier Elisabeth Steen i Tromsø kommune sitt kontrollutval.

Elisabeth Steen

Elisabeth Steen i kontrollutvalet i Tromsø kommune.

Foto: Johan Skålvoll / NRK

– Vi hadde indikasjonar på at det var nødvendig å prioritere Flyktningtenesta høgare enn det var gjort i planen for forvaltingsrevisjon som vart vedtatt i kommunestyret.

Kva slags indikasjonar var dette?

– Det var fakturering som ikkje var i tråd med dei interne reglane i kommunen, og derfor fann kontrollutvalet ut at vi måtte prioritere ein gjennomgang av Flyktningtenesta, seier Steen.

Undersøker rutiner

Undersøkingar til trass: Kontrollutvalet avslørte altså ikkje det bedrageriet som no har kome fram.

– Nei, men vi er ikkje ferdige med våre undersøkingar. Det vi ser på er dei systema og dei rutinane vi har, og om ein har følgt desse, seier Steen og legg til:

– Men når noko slikt som dette kan skje, så har rutinane enten ikkje blitt følgt eller så har dei ikkje vore gode nok. Det må vi sjølvsagt også sjå på.

Politiet: Analysearbeid

Politiet si etterforsking er no i gang for fullt. Dei skal ha sikra seg store mengder bevis som gjer at dei kan danne seg eit bilde av kva som har skjedd.

Yngve Myrvoll

Sjef for etterforskingsseksjonen i Troms politidistrikt, Yngve Myrvoll

Foto: Johan Skålvoll / NRK

– Vi skal analysere materialet, og gå inn i forklaringa hans. Så kan vi danne eit grunnlag som støtter opp om ein del av dei opplysingane han har gitt i avhøyr, seier sjef for etterforskingsseksjonen i Troms politidistrikt, Yngve Myrvoll til NRK.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark