Hopp til innhold

Kollisjon på E6 i Målselv

To bilar og fire personar involvert i kollisjon ved Buktamoen.

Buktamoen

Politiet fekk melding om ulykka klokka 12.20 i føremiddag, fortel operasjonsleiar i Troms politidistrikt, Roy Tore Meyer.

Kollisjonen skjedde på E6 i krysset ved Buktamoen, mellom Olsborg og Bardufoss. To bilar kolliderte, og fire personar var involvert i kollisjonen.

– Det er lettare personskade, og dei blei undersøkt av helsepersonell på staden, opplyser Meyer til NRK.

Ein køyrebane vil vere stengt ein periode framover medan det er bilberging på staden.

Politiet har beslaglagt førarkortet til ein 62 år gammel bilfører. Han er mistenkt for brudd på vikeplikten.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark