Klassequizen er i gong: Kven veit mest?

Årets kunnskapskonkurranse for tiandeklassingar over heile landet startar no. I Troms skal 23 skular konkurrere om å bli den mest kunnskapsrike klassen.

Langnes skole

Dette trekløveret representerer Langnes skole i årets utgåve av Klassequizen. Frå venstre: Alexandra Rouget, Arthus Kruse Sørensen og Thale Tøllefsen.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

I år er det fjerde året på rad at NRK inviterer tiandeklassar over heile landet til å vere med på kunnskapskonkurransen Klassequizen. Det heile starta som ein konkurranse hos NRK Sørlandet, men har no blitt ein nasjonal kunnskapskonkurranse for ungdomsskulane.

I år er det 432 skular som er med i Klassequizen, og 23 av dei er i Troms.

Årets utgåve startar på Langnes skole i Tromsø, der Alexandra Rouget, Thale Tøllefsen og Arthur Kruse Sørensen er klare til dyst.

– Vi har høge ambisjonar, og vi er konkurransemenneske alle saman, så eg trur det skal gå bra, fortel Thale like før dei skal prøve sine kunnskapar i tre heilt ulike kategoriar.

  • Høyr korleis det går med Langnes skule i NRK P1 tysdag morra klokka 08.40!

Spenning og tidspress

Ein av dei som skal reise ut i fylket vårt og teste kunnskapen til tiandeklassingane, er Pia Tøhaug. Ho gler seg til å ta fatt på jobben og besøke skular frå Skånland i sør til Kvænangen i nord.

Pia Tøhaug skal ut og klassequize

Pia Tøhaug skal køyre rundt i Troms fylke og teste kunnskapen til ungdommane som er med på Klassequizen.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Eg trur det blir spennande og veldig fint fordi eg får reise rundt i nesten heile fylket og møte mange flotte og kunnskapsrike ungdommar!

Kva trur du om kunnskapsnivået ute i fylket?

– Eg trur og håpar at eg blir overraska over kunnskapsnivået til ungdommane. Kanskje dukkar det opp nokre spørsmål som eg ikkje anar svaret på, mens ungdommane tar det på strak arm?

– Kva har ungdommane i vente?

– Spørsmåla er veldig varierte, og eg trur alle deltakarane kjem til å kunne svare på noko, og at alle vil få noko å bryne seg på. Den største utfordringa er kanskje tidspresset. Tida går fort når ein skal svare på fire spørsmål i løpet av 45 sekund! Det gjeld å vere skjerpa, samarbeide godt og ikkje minst ha det gøy!

  • Klassequizen høyrer du i NRK P1 fram til april, da dei to beste laga går vidare til ein fylkesfinale i Tromsø. Landsfinalen er i Oslo i mai og går på NRK1 laurdag 14. mai.