Hopp til innhold

Kidjo i superhumør

Verdsstjerna sjarmerte Riddu-publikummet.

Angelique Kidjo på Riddu

Angelique Kidjo på Riddu.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK

Angelique Kidjo var i godt humør då ho inntok Riddu-scena fredag kveld.

- Det er så kaldt her! Eg frys nesa av meg, hevda Kidjo, som likevel meinte det var svært vakre omgjevnader ho skulle opptre i.

Ho sa at dei som bestemmer i verda burde komme seg ut frå boksane dei sitt i og ut til slike omgjevnader.

Kidjo med pelshuve

Men etterkvart fekk den vestafrikanske sangerinna tilbake varmen oppe på scena. Etter at ho sjølv hadde fått publikum til å syngje i lag med ho og Kidjo sjølv hadde vore nede på Riddu-sletta og dansa med publikum, fekk ho publikum til å komme opp på scena.

Der fekk Angelique Kidjo låne ei pelshuve av ei lita jente og ei samehuve av ein gutt. Og ho dansa rundt med barna oppe på scena.

I mellom songane sine snakka Kidjo òg om dei sakene ho brenn for og engasjementet sitt for menneskerettar.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark