NRK Meny
Normal

Isbjørnekspert uroa for bestanden

Isbjørnekspert fryktar at isbjørnbestanden går ned. For tidleg å konkludere, meiner forskar.

Isbjørnunge

Isbjørnekspert Thor Larsen fryktar at isbjørnbestanden har gått ned sidan sist måling i 2004.

Foto: Jon Aars / Norsk Polarinstitutt

Thor Larsen er isbjørnekspert og sjølv forska på isbjørn i mange år. I eit intervju med Svalbardposten uttrykker han stor uro for isbjørnbestanden på Svalbard. Spesielt er han uroa for at det blir færre hi som følgje av at isen forsvinn rundt yngleområda på Kong Karls Land.

– Produksjonen går ned. Konsekvensar er at bestanden i beste fall er stabil, og i verste fall nedgang, seier Larsen til Svalbardposten.

Øystein Wiig, som er professor og isbjørnekspert ved Naturhistorisk museum og Universitetet i Oslo, er med i forskingsgruppa som no i august gjer tellinger av isbjørnbestanden på Svalbard.

Til Svalbardposten fortel han at det til no er talt færre bjørnar i enkelte område på Spitsbergen enn i 2004, da sist teljing vart utført.

– Vi har sett litt mindre bjørn enn det vi så på dei same stadene som for elleve år sidan, men det er altfor tidleg å si noko om den samanlikninga no, seier Wiig til avisa.

Vanskeleg å samanlikne

Sist teljing av bestanden var i 2004, men den gongen var teljinga utført både i norske og russiske område av Svalbard. Denne gongen har forskarane berre observasjonar på norsk side av Arktis å støtte seg til.

Toktet skulle eigentleg vere eit samarbeid mellom Norsk Polarinstitutt og forskingskollegaer frå Russland, men berre nokre veker før toktet skulle starte, fekk dei norske isbjørnforskarane beskjed om at dei ikkje fekk løyve til å telje isbjørnbestanden i russiske område rundt Frans Josef Land.

Det førre anslaget som vart gjort var altså i 2004, men anslaget mellom 1950 og 3400 isbjørnar er usikkert og omtrentleg. I juli sa isbjørnforskar Jon Aars at han var skuffa over at toktet vart avlyst, men hadde likevel håp om eit brukbart tal på bestanden om russarane teller isbjørn i sine område.

Ved hjelp av helikopter frå Longyearbyen, og frå forskingsskipet Lance i Barentshavet, skal forskarane no telje isbjørn i den norske delen av Arktis.

Forskarane skal bruke til saman fire veker på isbjørnteljinga.