Det er avisa VG som i dag melder at den irske skodespelaren Jonathan Rhys Meyers skal spele ei viktig rolle i filmen om Jan Baalsrud, «Den 12. mann», som frå før av har Thomas «Finger'n» Gullestad i hovudrolla som Baalsrud sjølv.
Filmen blir regissert av Harald Zwart, og produsent Veslemøy Zwart seier i ein kommentar til VG at Rhys Meyers var produksjonsselskapet sitt førsteval i rolla som Gestaposjefen som jakta på Baalsrud i 1943.
Den irske skodespelaren har spelt i filmar som «Bend it like Beckham», «Match Point» og «Mission Impossible 3», i tillegg til at han har spelt i tv-serien «The Tudors».
– Han er perfekt for oss, han kan utstråle akkurat det vi ønsker å finne, seier Harald Zwart til VG.
Skodespelaren sjølv skriv i ein tekstmelding til avisa at han er glad for å bli ein del av filmen, som han omtalar som «det store norske eventyret».
Filmen om Jan Baalsrud starta opptaka i indre Troms i vinter, og det skal filmast meir neste vinter. Filmen tar for seg Baalsrud si flukt gjennom Troms til Sverige i 1943 etter eit mislykka oppdrag. Historia blei filmatisert i 1957, gjennom Arne Skouen sin film «Ni liv»
– Dette er ei historie som fortener å bli fortalt igjen. Nye generasjonar treng å få vite kva forfedrane har gått gjennom for at vi skal ha det som vi har det igjen, har Zwart tidlegare fortalt NRK.